Hei!
Eg oppdaga for nokre veker sidan at tannkjøttet over den eine jekselen (oppe til venstre, tann nr to foran visdomstanna) har trukke seg opp som ein omvendt "v". No ser eg at det same held på å skje på to tenner til (oppe til høgre, dei to tennene bak hjørnetanna). Panikken tar meg med tanken på at dette kan vere periodontitt! Eg har god følelse i tannkjøttet ved dei fremste tennene, men lenger bak har eg nedsatt følelse. Der kan eg stikke meg med nagla utan at eg kjenner noko særleg i forhold til andre delar av tannkjøttet. Dette gjeld begge sider, og det skal også seiast at eg har fått visdomstanna på høgre side og på venstre side er den snart halvvegs ute. Eg har ikkje vore hos tannlegen på 4 år, men då fekk eg beskjed om at eg sikkert måtte trenge ei rotfylling på ein jeksel oppe til venstre - men eg hugsar ikkje kva tann det gjaldt. Då eg var yngre måtte eg også erstatte halve framtanna fordi det var så trangt at det utvikla seg eit hol som eg ikkje kunne ha forhindra. Eg har også reagert litt på at tannkjøttet generelt har hatt ein mørkare farge, men etter at eg for litt sidan begynte med regelmessig tanntråd og tannskyll har det blitt litt betre. Eg har ingen smerter, noko eg håpar er eit godt tegn. Eg kan gjerne ha ein "sliten" følelse når eg våknar eller under mykje stress, då eg har ein tendens til å bite tennene hardt saman. Høyres det ut som sjukdom i tannkjøttet..?
Takk for svar!
Panikkslagen
Kjære Panikkslagen!
Kriteriene for periodontitt er dype tannkjøttlommer som er dypere enn 4 mm med blødning fra lommene og beintap. For å konstatere at du har periodontitt må en tannlege undersøke deg.
Når det gjelder den V formen på tannkjøttet kan dette tyde på at din børsteteknikk kan være litt feil. Du kan ta kontakt med din tannlege og få høre om modifisert bass teknikk. Det går ut å å bevege en myktannkost langs tannhalsene i en 4-5 mms lengde.
Dersom du gnisser tenner vil dette ikke ha noe effekt på evt tannkjøttsykdom. Tanngnissing induserer ikke noe tannkjøttsykdom. Tannkjøttsykdom vil ikke føre til tanngnissing heller. Tanngnissing er for det meste relatert til stress.
Håper du har fått svar på dine bekymringer.
Med vennlig hilsen
Tannlege Kawa Kavian